Det syng fyr Storegut

Den Dag kjem aldri, at eg deg gløymer;
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um Nott og Dag er du like nær;
og best eg ser deg, naar myrkt det er.

Du leikar kringum meg, der eg vankar.
Eg høyrer deg, naar mitt Hjarta bankar.
Du stødt meg fylgjer paa Ferdi mi,
som Skuggen gjeng etter Soli si.

Naar nokon kjem og i Klinka rykkjer,
d’er du, som kjem inn tel meg, eg tykkjer:
Eg sprett fraa Stolen og vil meg te,
men snart eg sig atter ende ned.

Naar Vinden lint uti Lauvet ruslar,
eg trur d’er du, som gjeng der og tuslar
naar sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur, det maa vera du.

I kvar, som gjeng og som rid og køyrer,
d’er du, eg ser; deg i alt eg høyrer :
I Song og Fløyte- og Fele-Laat,
men endaa mest i min eigen Graat.

 

Aasmund Olavsson Vinje 1866

1 Response to “Det syng fyr Storegut”


  1. 1 Svanhild Clementine 2. november 2008, kl. 1:14

    Ååå, det er vakkert. Verkeleg vakkert! Eg er så heldig at eg skal på konsert med Per Anders Buen Garnås, Odd Nordstoga og Aasmund Nordstoga, der nettopp Storegut er tema. Gler meg veldig!


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s




Siste kommentarer

tomprat on Israel anklager?
Christian Pettersen on Israel anklager?
Svanhild Clementine on Det syng fyr Storegut

%d bloggers like this: